Hassan Nasrallah
Utsjånad
Hassan Nasrallah | |
Verkeleg namn | حسن نصرالله |
Statsborgarskap | Libanon |
Fødd | 31. august 1960 Bourj Hammoud |
Død |
27. september 2024 (64 år) |
Yrke | ulama, militær leiar, politikar, militær befalingshavende |
Språk | arabisk, persisk, engelsk |
Verv | Generalsekretær i Hizbollah |
Periode | 1992-2024 |
Føregangar | Sayyed Abbas al-Musawi |
Politisk parti | Amal-rørsla, Hizbollah |
Religion | Islam |
Ektefelle | Fatimah Yasin |
Hassan Nasrallah på Commons |
Sayyid Hassan Nasrallah (31. august 1960–27. september 2024) var den tredje generalsekretæren i det libanesiske islamistpartiet Hizbollah, som òg er ein paramilitær organisasjon.[1] Nasrallah vart leiar i Hizbollah etter at Israel drap leiaren i rørsla, Abbas al-Musawi, i 1992.[1] Dei militære kampanjane til Hizbollah seint på 1990-talet vart hovudfaktorane som leidde til at israelarane valde å trekkje seg ut av Sør-Libanon i 2000.[1] Nasrallah vart drepen i eit israelsk bombeåtak på Beirut i september 2024.[2][3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Profile: Sayed Hassan Nasrallah». Al Jazeera. 17. juli 2000. Henta 22 April 2013.
- ↑ «Israel-Lebanon latest: Hezbollah leader Hassan Nasrallah killed in Beirut», BBC News (på engelsk), henta 28. september 2024
- ↑ Mjaaland, Ola (28. september 2024), «Massive angrep mot Beirut i natt», NRK (på norsk bokmål), henta 28. september 2024